Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
logo Helse Sør-Øst

Helse- og omsorgsministeren mottok NOU frå Kvinnsland-utvalet

Torsdag mottok helse- og omsorgsminister Bent Høie NOU 2016: 25 Organisering og styring av spesialisthelsetjenesten – Hvordan bør statens eierskap innrettes framover? frå utvalsleiar Stener Kvinnsland.

Publisert 01.12.2016


Utvalet sitt mandat har vore å utreie alternative modellar for korleis staten kan organisere eigarskapet til sjukehusa. Utvalet har også vurdert inndelinga i helseregionar, samt eigarskapet til og forvaltning av bygg.

– Spesialisthelsetenesta og sjukehusa er grunnleggande for vårt velferdssamfunn, og korleis dei er organisert og styrt er viktig for tilbodet pasientane får. Stener Kvinnsland har i dag levert meg utvalet sine anbefalingar. Eg vil takke Stener Kvinnsland og utvalet hans for arbeidet dei har gjort. No skal NOU-en ut på brei høyring, og eg ser fram til å få synspunkta frå høyringsinstansane, seier Høie.