Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
logo Helse Sør-Øst

Antikorrupsjon

Helseføretaka har retningslinjer, system og tiltak for å hindre korrupsjon, og for å handtere moglege lovbrot eller tvilstilfelle vi måtte avdekkje.

Ein verksemdskult​​ur basert på gjensidig respekt og open kommunikasjon skaper færre moglegheiter for mislighold. Arb​eidsmiljø der nokon kjenner urettferd og urimeleg press kan leie til motivasjon for mislighold. Ein kultur som fremjer varsling utan sanksjonar for varslaren er ein føresetnad for å avdekkje slike handlingar. Den årlege undersøkinga av arbeidsmiljø i helsetenesta kan vere ein del av analysen av risiko for korrupsjon og mislighold.

​Antikorrupsjons​program

Antikorrupsjonsprogram er ein måte å arbeide systematisk med å hindre korrupsjon og mislighold. Rammeverket for samfunnsansvar foreslår nokre tiltak, slik som å kartleggje risikoområde, ha kontrolltiltak og sørgje for at reglar og retningslinjer er tilstrekkelege og blir følgde.

​Dilemmat​​​rening

Enkeltpersonar sin integritet og motstandskraft i møte med dilemma, interessekonfliktar og moglege freistingar kan vere avgjerande for korleis den enkelte ​handlar i krevjande situasjonar.​ Etisk medvit blant medarbeidarar og leiarar er viktige førebyggjande element. Alle føretak har etiske retningslinjer. I tillegg kan dilemmatrening vere eit godt og formålstenleg verktøy for å øve opp evna til den enkelte til å vurdere etisk forsvarlegheit.​​

Maŋemus ođastuvvon 2023-06-28